
Vellukka Fadofestival i mars 2014 gir håp for ny festival i 2015.
Arbeidet med nytt festivalprogram er i gong. Meir info på: www.fado.no og Facebook.

CPSE vart Algarve Meister
Med to serierundar att av årets sesong er laget vårt Algarve Meistrar i futsal. José Barradas, til venstre for Bjarne Wærdahl, er den store strategen bak suksessen. Kulturprisvinnar i 2006.
Laget har spelt suverent heile sesongen og er no klar for nasjonal liga.
Årets lag er nærast berre spelarar som er teke opp frå rekrutteringslaget vi starta opp for snart 10 år sidan. Satsinga har lukkast så bra at det vart sett i gong eit nytt lag med 8-9 åringar frå august i fjor. Om åtte - ti år vert dette på ny stamma i A-laget.
Hurra!
Futsal i 8 år.
Convex AS/QSM har gjennom meir enn 6 år engasjert seg i sosialt arbeid gjennom CPSE.
I første rekke gjennom fotball, men også andre aktivitetar i lokalmiljøet.
Vårt seniorlag har rykka to divisjonar opp og ligg i dag i toppsjiktet i Algarve futsal.
Våre engasjement i Portugal
Convex AS sitt engajemnt i Portugal, gjennom Casa do Povo Santo Estevão, innbefattar to futsal lag i Algarve.
Vårt juniorlag har hevda seg så godt i serien at dei framfor sesongen 2009/2010 vart teken opp til å utgjere stamma i A-laget. Dette har lukkast 100%.
Ein lettare sjokkert nordmann tok i mot ein plakett frå Presidenten, der det står:
Hans verdifulle bidrag til denne institusjon tatt i betraktning, og under henvisning til §15 av vedtekter for vårt Samfunnshus, utnevnes herved Bjarne Wærdahl som første Æresmedlem.
Ovennevnte, etter styrets forslag og godkjenning i Generalforsamling.
Santo Estevão, den 15. august 2007
Styret

Laurdag den 13. august, etter storkampen Hødd - Sandefjord (5-1), samlast Hødd spelarar, ektefeller og støtteapparat seg til rekefest på Eiksund.
Arrangementet var eit smarbeid mellom spelargruppa, speakertenesta og Convex AS.
Omlag 40 personar storkosa seg utover kvelden og natta. Det var høg stemning etter "festfyrverkeriet" på Høddvoll. Gode reker og ein fantastisk trubadur i Einar Braut la heller ikkje noko dempar på festen.
Ein fantastisk gjeng å ha på besøk!
Samarbeidspartnarar i Convex AS si reiselivs satsing i Portugal var på ei vekes Noregs-besøk 14.- 21. mai.
Besøket var mellom anna innom bedriftene Rolls-Royce Marine AS og Ulstein Verft AS, i tillegg til interessante presentasjonar og samtalar ved advokat Jorge Moniz og ordførar Hannelore Måseide.
Det kalde været la ikkje noko dempar på besøket, sett vekk frå ein særs forfrosen fisketur på ope hav.
Besøket, som vart innleia i Oslo, vart avrunda med Geirangercruise og skiopplevingar i Valldal.
Gruppa gir på ulikt vis bidrag under avviklinga av Convex AS sine aktivitetar i Portugal. Selskapet er difor glad for å kunne være vertskap for ein positiv gjeng, der fire sett foten på norsk jord for første gong.